Presentasjon · Inspirasjon
Teknologi som endra alt
Dampmaskina i midten, med positive og negative konsekvensar for enkeltmenneske, samfunn og natur i kvar sin farge.
Vis som tekst
Slik viser du konsekvensane av ei oppfinning med relasjonar i Creaza Presentasjon
Set oppfinninga i midten, legg bilete og korte tekstar for konsekvensane rundt ho, og kople dei til oppfinninga med «Relasjon», eller Alt+R (Mac: ⌥+R). Grøne relasjonar viser det positive og raude det negative, sortert under enkeltmenneske, samfunn og natur.
Slik vart dette laga
- I midten står eit bilete av dampmaskina frå 1700-talet med teksten «Dampmaskina».
- Første overskrift er «Enkeltmenneske». Der står ei glad kvinne med teksten «Arbeid og løn i byen». Klikk på «Relasjon» i verktøylinja, eller trykk Alt+R (Mac: ⌥+R), og kople dampmaskina til konsekvensen. Ikonet viser punkt som er kopla saman med linjer.
- Det positive er grønt og det negative raudt, både relasjonen og tekstboksen. Merk relasjonen og vel farge under «Design» i menyen som høyrer til han. Trykk M for å gå til menyen med tastaturet.
- Ein trist gut med teksten «Barnearbeid og lange arbeidsdagar» får ein raud relasjon. Ei forklaring med «Positiv» i grønt og «Negativ» i raudt viser kva fargane tyder.
- Under «Samfunn» står eit damptog med «Jernbane: raskare transport» og ei spinnemaskin med «Billegare tøy og varer», begge i grønt, og ein fattig heim med «Trange og usunne bustader» i raudt.
- Under «Natur» står ei kolgruve med «Meir kol blir grave ut» og fabrikkar med «Røyk og forureina luft», begge i raudt.
- Med både grønt og raudt på arbeidsflata ser klassen at teknologi har to sider. Elevane kan drøfte kva som veg tyngst.
Snarvegstastar
- Gå til menyen til det valde elementet (Tab flyttar mellom knappane, Esc går tilbake): M
- Relasjon: Alt+R (Mac: ⌥+R)
- Tekst (ny tekstboks): Alt+T (Mac: ⌥+T)
Nyttig å vite
- Prøv det same med ei nyare oppfinning, til dømes smarttelefonen eller internett.
Sjå også
- Lag ei kopling (relasjon) – Kopla to bilete med ein relasjon, skriv ein merkelapp og vel utsjånad.
- Karakter med tilstandar – Byt mellom glad, lei, sint og andre tilstandar på same karakter.
- Kvifor vart det verdskrig i 1914? – Eit relasjonskart på eit kart over Europa: alliansane gjorde ein lokal konflikt til ein verdskrig.
- Næringsnett med relasjonar – Relasjonar på kryss og tvers, med boge, koplingstekst og piler festa rett på bileta.