Presentasjon
Merkje fleire element
Dra ei ramme eller bruk Ctrl+klikk, så kan du flytte og endre mange element samtidig.
Vis som tekst
Slik merkjer du fleire element samtidig i Creaza Presentasjon
Dra ei ramme rundt elementa frå ein tom stad på arbeidsflata, eller klikk på eitt element og legg til fleire med Ctrl+klikk (Mac: ⌘+klikk). Fleirvalmenyen blir vist, og du kan flytte, justere, gruppere og kopiere alle dei valde samtidig.
Slik gjer du det
- Trykk på ein tom stad på arbeidsflata og dra ei ramme rundt elementa du vil ha med, i filmen tre fiskar.
- Alt som ligg i ramma, blir valt. Kvart element får sine eigne handtak, og éi felles ramme går rundt alle.
- Fleirvalmenyen blir vist over dei valde elementa. Trykk M for å gå til menyen med tastaturet.
- I fleirvalmenyen finn du «Juster», «Spegelvend», «Grupper», «Stil», «Kopier alle», «Lås» og «Slett valde».
- Du kan òg merkje element eitt om gongen. Klikk først på eitt element, i filmen ein delfin. Det blir valt, og menyen som høyrer til det, blir vist.
- Legg til fleire med Ctrl+klikk (Mac: ⌘+klikk), i filmen ein blekksprut og ei skjelpadde. No er tre element valde, og fleirvalmenyen følgjer med.
- Dra i eitt av dei valde elementa, så flyttar alle seg samtidig. Med tastaturet flyttar du dei med piltastane.
Snarvegstastar
- Gå til menyen til det valde elementet (Tab flyttar mellom knappane, Esc går tilbake): M
- Legg til i utvalet: Ctrl+klikk (Mac: ⌘+klikk)
- Merk alt: Ctrl+A (Mac: ⌘+A)
- Lukk menyen eller panelet, eller fjern merkinga: Esc
- Flytt det som er valt (med Shift: større steg): ← ↑ → ↓
- Grupper: Ctrl+G (Mac: ⌘+G)
Nyttig å vite
- Ctrl+A (Mac: ⌘+A) merkjer alt på arbeidsflata, og Esc fjernar merkinga.
- Skal elementa alltid høyre saman, kan du gruppere dei med Ctrl+G (Mac: ⌘+G).
Sjå også
- Gruppere og splitte opp – Slå saman fleire element til eitt objekt som blir flytta og skalert samla, og splitt det opp att når du vil.
- Justere og fordele – Få elementa på rekkje og rad: like høgt oppe og med like store mellomrom.
- Kopiere element – Lag ein liten skog ved å kopiere eitt tre, og kopier fleire element på éin gong.