Presentasjon
Presentasjon av ei historie
Scener med bakgrunn, karakterar og snakkebobler – fortalt rute for rute.
Vis som tekst
Slik fortel du ei historie som ein presentasjon i Creaza Presentasjon
Bygg historia som scener ved sida av kvarandre på arbeidsflata, klikk på «Presenter» og lag éi rute for heile arbeidsflata og éi rute rundt kvar scene, i den rekkjefølgja historia skal forteljast. Klikk på «Spel av presentasjonen» for å vise historia scene for scene.
Slik gjer du det
- Bygg historia som scener ved sida av kvarandre på arbeidsflata. Kvar scene får ein bakgrunn, og historia får ein tittel, her «Skatten på øya».
- Set inn karakterar og rekvisittar i scenene, til dømes piratar og ei skattekiste.
- Snakkeboblene finn du under «Tekst» i verktøylinja. Skriv kva karakterane seier, her «Sjå! Eit skattekart!», «Vi seglar til øya!» og «Skatten er vår!».
- Klikk på «Presenter», eller trykk Alt+P (Mac: ⌥+P). Presentasjonslinja blir vist.
- Klikk på «Ruteformat» og vel 16:9, same form som bakgrunnane.
- Klikk på pluss-knappen, «Legg til rute», og dra eit visningsfelt rundt heile arbeidsflata med tittelen. Det blir den første ruta.
- Lag så éi rute rundt kvar scene på same måte, i den rekkjefølgja historia skal forteljast.
- Klikk på ruta til ei scene i presentasjonslinja for å opne «Val for rute», og gi ho litt lengre tid, her 6 sekund. Då rekk alle å lese snakkeboblene. Gjer det same for dei andre scenene.
- Klikk på «Spel av presentasjonen». Først blir heile historia vist, så éi scene om gongen: Piraten finn eit skattekart på stranda, så seglar dei til øya, og der finn dei skatten.
Snarvegstastar
- Gå til menyen til det valde elementet (Tab flyttar mellom knappane, Esc går tilbake): M
- Presenter: Alt+P (Mac: ⌥+P)
- Neste lysbilete: →
- Førre lysbilete: ←
- Første lysbilete: Home
- Siste lysbilete: End
Nyttig å vite
- Når ruteformatet har same form som bakgrunnane, fyller kvar scene heile ruta.
Sjå også
- Presentasjon av eit tankekart – Lag ruter som zoomar inn på kvar grein, og spel av presentasjonen.
- Snakkebobler i Presentasjon – La karakterane snakke saman med snakkebobler og haler som peikar rett.
- Legg til ein karakter – Frå biletgalleriet til arbeidsflata på nokre sekund.
- Overgangar og varigheit – Bestem kor lenge kvar rute blir vist og korleis du går vidare til neste.