Presentasjon · Inspirasjon
Moodboard
Bilete, fargar og former blir samla fritt rundt ei idé og kobla til ho med eigne ord: «fargen vil eg ha», «forma minner om».
Vis som tekst
Slik lagar du eit moodboard med bilete og relasjonar i Creaza Presentasjon
Set idéen i midten, samle bilete rundt han med «Innhald», og kople kvart bilete til idéen med «Relasjon», eller Alt+R (Mac: ⌥+R). Koplingsteksten seier kvifor biletet høyrer med.
Slik vart dette laga
- Idéen er «Mitt rom i framtidshuset»: Korleis skal det sjå ut og kjennast ut? Eit bilete av ei leilegheit står midt på arbeidsflata, med tittelen over.
- Med «Innhald» i verktøylinja, eller Alt+I (Mac: ⌥+I), blir bilete, fargar og former samla fritt rundt idéen: eit naturlandskap, eit luftskip, ein elektrisk sparkesykkel, ein stol, ein algetank, eit tre, eit bilete om solenergi og ei vindmølle. Bileta ligg litt på skrå, som lappar på ei tavle. Du kan òg laste opp eigne bilete du har tilgang til.
- Med «Relasjon» i verktøylinja, eller Alt+R (Mac: ⌥+R), klikkar du først på eit bilete og så på leilegheita. Ei pil blir teikna mellom dei.
- Kvar relasjon får ein koplingstekst med eigne ord: naturlandskapet «fargen vil eg ha», luftskipet «forma minner om», sparkesykkelen «fargen på detaljane», stolen «slik kan stolen sjå ut», algetanken «idé: levande vegg», treet «planter inne», solenergien «lys og straum frå sola» og vindmølla «lampa kan ha denne forma».
- No har du heile idéutviklinga på éin stad. Arbeidsflata viser kva som inspirerte, og kvifor.
Snarvegstastar
- Gå til menyen til det valde elementet (Tab flyttar mellom knappane, Esc går tilbake): M
- Innhald (bilete, figurar og bakgrunnar): Alt+I (Mac: ⌥+I)
- Relasjon: Alt+R (Mac: ⌥+R)
- Vis alle element: Ctrl+1 (Mac: ⌘+1)
Nyttig å vite
- Eit moodboard passar godt i starten av eit design- eller kunstprosjekt, før du byrjar å skissere.
Sjå også
- Lag ei kopling (relasjon) – Kopla to bilete med ein relasjon, skriv ein merkelapp og vel utsjånad.
- Designprosessen min – Ein prosesslogg om ein fuglekasse med eigne bilete frå sløyden: problem, idear, skisse, prototype og vurdering, spelt av som presentasjon.
- Næringsnett med relasjonar – Relasjonar på kryss og tvers, med boge, koplingstekst og piler festa rett på bileta.
- Søk i biletgalleriet – Finn bilete i alle tema, og vis berre bakgrunnar, karakterar eller rekvisittar.