Presentasjon

Frihandsteikning

Teikn ei rute eller ring inn noko på arbeidsflata, og endre farge og tjukkleik etterpå.

Vis som tekst

Slik teiknar du på frihand i Creaza Presentasjon

Klikk på «Former» i verktøylinja og vel «Frihandsteikning» under «Design». Trykk og dra på arbeidsflata for å teikne. Farge og tjukkleik på streken endrar du med «Eigenskapar» i menyen som høyrer til streken.

Slik gjer du det

  1. Klikk på «Former» i verktøylinja, eller trykk Alt+F (Mac: ⌥+F). Panelet «Former» opnar seg. I filmen ligg eit kart over Europa på arbeidsflata, og vi skal teikne ei reiserute på det.
  2. Vel «Frihandsteikning» under «Design» i panelet. Ikonet er ein blyant. Panelet lukkar seg, og ei blå melding fortel at du kan teikne.
  3. Trykk og dra på arbeidsflata for å teikne. Når du slepper, er streken ferdig og markert, og menyen som høyrer til streken, blir vist, med dei same knappane som for andre former. Trykk M for å gå til menyen med tastaturet.
  4. Klikk på «Eigenskapar» i menyen. Ikonet viser to skyvebrytarar. I panelet vel du ein ny farge i rada «Strek», i filmen «Raud».
  5. Klikk på plussteiknet under «Linjetjukkleik» for å gjere streken tjukkare. Talet aukar for kvart klikk, i filmen frå 3 til 6.
  6. Vil du teikne meir, klikkar du på «Former» og «Frihandsteikning» igjen. I filmen blir eit område ringa inn på kartet. Kvar strek er sitt eige objekt, så du kan flytte, kopiere og slette han.

Snarvegstastar

  • Gå til menyen til det valde elementet (Tab flyttar mellom knappane, Esc går tilbake): M
  • Former: Alt+F (Mac: ⌥+F)
  • Angre: Ctrl+Z (Mac: ⌘+Z)
  • Slett det som er valt: Delete
  • Flytt det som er valt (med Shift: større steg): ← ↑ → ↓

Nyttig å vite

  • Vart streken feil, angrar du med Ctrl+Z (Mac: ⌘+Z), eller vel streken og trykkjer Delete.
  • Frihandsteikning passar til piler, reiseruter og markeringar på kart og bilete.

Sjå også